| Dugnad laurdag 19. og 26. juni |
Så er det sommar igjen etter ein lang vinter og det er tid for å gjer litt vedlikehold med bygningane til flyklubben.
I fjor fekk me gjort det aller meste med klubbhuset. Litt gjenstår.
Hovedtyngden av innstatsen som må gjerast i år er maling og mindre reparasjonar av hangaren.
I fjor blei dugnaden strukket over nesten heile sommaren. I år prøvar me på ein annan variant. Me brukar to laurdagar nå i juni og kombinerar dugnaden med litt felles kos og grilling. Eg har sett opp laurdag 19. juni og laurdag 26. juni til dugnaden.
Som aktiv medlem av flyklubben må me kunna setja av ein av desse dagane slik at me får vedlikehaldt bygningane våre
og slik at det ikkje bare er nokre få som er med på dugnaden.
Me startar kl 0900, men du kjem så tidlig du kan. Dersom været ikkje tillet dugnad på oppsette datoar går me for neste tilgjengelege laurdag.
Vel møtt til ein triveleg dugnadsdag!
Mvh Arild Flesjå
TLF: 934 88 918
|
|
Postet av superbruker Søndag 06 juni @ 22:18
|
| |
| Logg inn |  |
| Relaterte linker |  |
| Artikkelens poengsum |  |
Gjennomstnitt: 5 Stemmer: 2

| |
| Alternativ |  |
|